15 Andre sa: «Det er Elia,» og endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetane.»
16 Men då Herodes høyrde det, sa han: «Johannes som eg lét halshogga, har stått opp att.»
17 For Herodes hadde sendt ut folk til å gripa Johannes og hadde kasta han i fengsel og bunde han. Dette var Herodias skuld i. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans.
18 Og Johannes hadde sagt til han: «Du har ikkje lov til å ha kona åt bror din.»
19 Difor hata Herodias han og ville få han drepen, men ho fekk det ikkje til.
20 For Herodes hadde age for Johannes; han visste at han var ein rettvis og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill; likevel høyrde han gjerne på han.
21 Men så baud det seg eit høve: På årmålsdagen sin gjorde Herodes eit gjestebod for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea.