20 For Herodes hadde age for Johannes; han visste at han var ein rettvis og heilag mann, og han heldt si hand over han. Når han høyrde Johannes, vart han uroleg og rådvill; likevel høyrde han gjerne på han.
21 Men så baud det seg eit høve: På årmålsdagen sin gjorde Herodes eit gjestebod for stormennene sine og for offiserane og dei fremste i Galilea.
22 Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene tykte så vel om dette at kongen sa til jenta: «Bed meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.»
23 Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve riket mitt.»
24 Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet åt døyparen Johannes,» svara ho.
25 Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet åt døyparen Johannes på eit fat.»
26 Kongen vart ille ved, men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, ville han ikkje seia nei til henne.