26 Kongen vart ille ved, men fordi han hadde svore, og det medan gjestene høyrde på, ville han ikkje seia nei til henne.
27 Han sende straks ein av livvakta i veg og bad han henta hovudet åt Johannes. Mannen gjekk av stad og halshogde Johannes i fengslet;
28 så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.
29 Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.
30 Apostlane samla seg atter hjå Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort og alt dei hadde lært folket.
31 Då sa han til dei: «Kom med meg til ein øydestad, der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk, at dei fekk ikkje eingong matro.
32 Så drog dei ut med båten til ein øydestad, der dei kunne vera for seg sjølve.