32 Så drog dei ut med båten til ein øydestad, der dei kunne vera for seg sjølve.
33 Men mange såg at dei drog bort og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei.
34 Då Jesus gjekk i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han tykte hjarteleg synd i dei, for dei var som sauer utan hyrding. Og han gav seg til å læra dei lenge og grundig.
35 Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Det er audt her, og dagen lid.
36 Send folket frå deg, så dei kan gå bort i gardane og landsbyane her ikring og kjøpa seg mat!»
37 «Gjev de dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»
38 «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»