39 Då sa han at dei skulle la alle setja seg ned i flokkar i det grøne graset.
40 Og dei slo seg ned i flokkar, somme på hundre og somme på femti.
41 Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane; dei skulle dela det ut til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.
42 Og alle åt og vart mette.
43 Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.
44 Det var fem tusen mann som hadde ete.
45 Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, til Betsaida, medan han bad farvel med folket.