6 Og han undra seg over at dei var så vantruande. Så drog han ikring til landsbyane og lærte folket.
7 Jesus kalla til seg dei tolv og sende dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene.
8 Han sa til dei at dei ikkje skulle ta anna med seg på vegen enn stav, ikkje brød, ikkje skreppe, ikkje pengar i beltet.
9 Dei kunne gå i sandalar, men ikkje ha på seg meir enn ein kjortel.
10 «Når de har teke inn i eit hus,» sa han, «så ver der til de fer bort frå den staden.
11 Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de rista støvet av føtene og gå dykkar veg. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
12 Så gjekk dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.