8 Han sa til dei at dei ikkje skulle ta anna med seg på vegen enn stav, ikkje brød, ikkje skreppe, ikkje pengar i beltet.
9 Dei kunne gå i sandalar, men ikkje ha på seg meir enn ein kjortel.
10 «Når de har teke inn i eit hus,» sa han, «så ver der til de fer bort frå den staden.
11 Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de rista støvet av føtene og gå dykkar veg. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
12 Så gjekk dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.
13 Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.
14 Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes har stått opp frå dei døde; difor er desse kreftene verksame i han.»