21 For innanfrå, or menneskehjarta, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord,
22 ekteskapsbrot, havesykje, vondskap, svik, sedløyse, misunning, spott, hovmod, vitløyse.
23 All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»
24 Så tok han ut derifrå og fór til bygdene kring Tyrus. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.
25 Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som det var ei urein ånd i. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.
26 Denne kvinna var ikkje jøde; ho var frå landet der, Fønikia i Syria. Og ho bad han driva den vonde ånda ut or dotter hennar.
27 Men Jesus sa til henne: «Lat fyrst borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»