26 Denne kvinna var ikkje jøde; ho var frå landet der, Fønikia i Syria. Og ho bad han driva den vonde ånda ut or dotter hennar.
27 Men Jesus sa til henne: «Lat fyrst borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»
28 «Det er sant, Herre,» svara ho, «men hundane under bordet et då av smulane etter borna.»
29 Då sa han til henne: «Sidan du sa dette, kan du gå heim; den vonde ånda har fare ut or dotter di.»
30 Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga; den vonde ånda hadde fare ut.
31 Sidan drog Jesus bort att frå landet kring Tyrus. Han tok vegen gjennom Sidon og Dekapolis-landet og kom til Galilea-sjøen.
32 Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han.