7 Dei dyrkar meg fåfengt,for det dei lærer, ¬er menneskebod.
8 De bryr dykk ikkje om Guds bod, men held fast på føresegner som er overtekne etter menneske.»
9 Og han sa til dei: «Ja, de fer fint åt! De gjer Guds bod om inkje, så de kan fylgja dykkar eigne føresegner.
10 Moses har sagt: Æra far din og mor di, og: Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy.
11 Men de lærer: Om ein mann seier til far sin eller mor si: Det som eg skulle ha hjelpt deg med, skal vera ein korban – det er ei gåve til templet –
12 då lèt de han ikkje få lov til å hjelpa far sin eller mor si.
13 Såleis gjer de Guds ord om inkje av omsyn til dei føresegnene de har overteke og gjev vidare. Og slikt gjer de mykje av.»