10 Eg bed om at det endeleg ein gong må laga seg så at eg får koma til dykk, om Gud vil.
11 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk ei Andens gåve for å styrkja dykk.
12 Eller rettare sagt: Saman skal vi, både eg og de, få nytt mot ved den trua som vi eig i lag.
13 De skal vita, brør, at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. Hjå dykk òg ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, liksom hjå dei andre folka.
14 For eg står i skuld både til grekarar og andre folkeslag, til lærde og ulærde.
15 Difor er det eg ynskjer å forkynna evangeliet for dykk i Roma òg.
16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar.