15 Difor er det eg ynskjer å forkynna evangeliet for dykk i Roma òg.
16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar.
17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.
18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett.
19 For det ein kan vita om Gud, ligg ope for dei; Gud har sjølv openberra det.
20 For hans usynlege vesen, både hans evige kraft og hans guddom, har menneska kunna sjå og skjøna av gjerningane hans alt frå verda vart skapt. Difor har dei ikkje noko å orsaka seg med.
21 Dei kjende Gud, men likevel gav dei han ikkje den ære og takk som Gud skal ha. Med sine tankar enda dei i det som ingenting er, og det vart mørkt i deira uvituge hjarta.