29 Dei er fulle av allslags urett, umoral, havesykje og vondskap, av misunning, mordlyst, strid, svik og list.
30 Dei fer med sladder og baktale, hatar Gud og brukar vald, er hovmodige og skrytande, gløgge til å finna på vondt og ulydige mot foreldre.
31 Dei er uvituge, upålitelege, ukjærlege og hardhjarta.
32 Dei veit kva Guds lov seier, at dei som fer med slikt, fortener å døy; likevel gjer dei det ikkje berre sjølve, men dei rosar òg andre som gjer det.