3 evangeliet om Son hans, Jesus Kristus, vår Herre, som menneske komen av Davids ætt,
4 men ved heilagdoms Ande innsett som Guds mektige Son då han stod opp frå dei døde.
5 Ved han har eg fått nåde og apostelembete, så eg i alle folkeslag skal føra menneske til lydnad og tru, til ære for hans namn.
6 Mellom dei er de òg, de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.
7 Eg helsar dykk alle, som er elska av Gud, de heilage som er kalla av han. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
8 Fyrst av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda talar dei om trua dykkar.
9 Gud sjølv, som eg tener av heile mitt hjarta med å forkynna evangeliet om Son hans, han er mitt vitne på at eg alltid nemner dykk i bønene mine.