7 Eg helsar dykk alle, som er elska av Gud, de heilage som er kalla av han. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
8 Fyrst av alt takkar eg min Gud ved Jesus Kristus for dykk alle, for i heile verda talar dei om trua dykkar.
9 Gud sjølv, som eg tener av heile mitt hjarta med å forkynna evangeliet om Son hans, han er mitt vitne på at eg alltid nemner dykk i bønene mine.
10 Eg bed om at det endeleg ein gong må laga seg så at eg får koma til dykk, om Gud vil.
11 For eg lengtar etter å sjå dykk, så eg kan gje dykk ei Andens gåve for å styrkja dykk.
12 Eller rettare sagt: Saman skal vi, både eg og de, få nytt mot ved den trua som vi eig i lag.
13 De skal vita, brør, at eg mange gonger har sett meg føre å koma til dykk, men eg har vorte hindra heilt til no. Hjå dykk òg ville eg gjerne hausta frukt av arbeidet mitt, liksom hjå dei andre folka.