16 Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår?
17 Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.
18 Har dei ikkje høyrt? spør eg. Jau, sanneleg:Røysta deira har nått ¬over heile jorda,deira ord til heimsens endar.
19 Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Fyrst seier Moses:Eg vil eggja dykk til misunningmot dei som ikkje er eit folk,på eit uvitug folk vil eg ¬gjera dykk harme.
20 Og Jesaja går så langt at han seier:Eg vart funnen av dei ¬som ikkje søkte meg;eg openberra meg for deisom ikkje spurde etter meg.
21 Men om Israel seier han:Heile dagen rette eg ut ¬mine hendertil eit ulydig og trassig folk.