6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua;
7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa,
8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
9 Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode.
10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve.
11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!
12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna.