1 Vi som er sterke, må bera veikskapen åt dei veike og ikkje berre tenkja på oss sjølve.
2 Kvar og ein av oss skal tenkja på nesten og gjera det som er til gagn for han, og som tener til oppbygging.
3 For Kristus tenkte ikkje på seg sjølv; han oppfylte det som står skrive:Spottorda frå dei ¬som spotta deg,har falle på meg.
4 Og alt som før er skrive, er skrive for at vi skal læra av det: Vi skal få von gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.
5 Måtte Gud sjølv, han som gjev tolmod og trøyst, gjera dykk samlyndte etter Kristi Jesu vilje.
6 Då kan de samhuga og med ei røyst prisa Gud, vår Herre Jesu Kristi Far.