5 Helsa òg kyrkjelyden som samlast heime hjå dei. Helsa min kjære Epainetos; han var den fyrste som vart vunnen for Kristus i Asia.
6 Helsa Maria, som har arbeidt så mykje for dykk.
7 Helsa Andronikus og Junias, landsmennene mine, som har sete i fengsel saman med meg. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei vart kristne før meg.
8 Helsa Ampliatus, min kjære kristne ven.
9 Helsa Urbanus, medarbeidaren vår i Kristi teneste, og min kjære Stakys.
10 Helsa Apelles, han som har stått si prøve som kristen. Helsa Aristobolus og huslyden hans.
11 Helsa Herodion, landsmannen min. Helsa dei kristne i huslyden hjå Narkissos.