1 Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?
2 Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt.
3 Men kva så om somme av dei har vore utrue? Kan deira utruskap gjera Guds truskap om inkje?
4 Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive:Så du skal få rett når du talar,og vinna når du fører sak.
5 Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss?
6 Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda?
7 Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar?