10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv.
11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.
12 Lat oss samanlikna dette med det som hende då synda kom inn i verda. Synda kom ved eitt menneske, og med synda kom døden. Og døden nådde alle menneske fordi dei alle synda.
13 Det var synd i verda før lova kom. Og endå synda ikkje vert rekna for synd der det ikkje er noka lov,
14 rådde likevel døden frå Adam til Moses også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot liksom Adam. Adam står her som eit motstykke til han som skulle koma.
15 Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde.
16 Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle.