17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve.
18 Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske.
19 Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig.
20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større.
21 Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.