18 De har vorte frigjorde frå synda og er trælar for rettferda –
19 eg brukar eit bilete frå dagleglivet fordi de er skrøpelege menneske. Før baud de fram lemene dykkar til teneste for umoral og urett, og det førte berre til endå meir urett. Men no skal de by fram lemene dykkar til teneste for det som er rett, så de kan verta helga.
20 Medan de træla under synda, var de ikkje bundne av det som er rett.
21 Kva slag frukt hausta de av det? Slikt som de no skjemmest ved, for det fører til døden.
22 Men no er de frigjorde frå synda og har vorte tenarar for Gud; og frukta av det er eit liv i helging og til sist evig liv.
23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.