6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda.
7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død.
8 Men er vi døde med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han.
9 Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han.
10 Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud.
11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.
12 Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen.