19 Det gode som eg vil, gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.
20 Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg.
21 Så finn eg då at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde.
22 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov.
23 Men i lemene mine merkar eg ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i hugen min og gjer meg til ein fange under syndelova, som verkar i lemene.
24 Eg arme menneske! Kven skal fria meg frå denne dødens lekam?
25 Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Så tener eg då Guds lov med hugen min, men syndelova slik som eg er av naturen.