12 og den er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar.
13 Det står då skrive: Jakob hadde eg kjær, men mot Esau hadde eg uvilje.
14 Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå!
15 For til Moses seier han: Eg vil miskunna den som eg miskunnar, og ynkast over den som eg ynkast over.
16 Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som gjer miskunn.
17 For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det av di eg ville syna mi makt på deg og la mitt namn verta kunngjort over heile jorda.
18 Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.