1 Kong David var no gammal og langt oppi åra. Dei breidde teppe over han, men han kunne ikkje bli varm.
2 Tenarane hans sa til han: «Lat einkvan finna ei ung jente til deg, herre konge, ei jomfru som kan tena deg og stella for deg. Når ho ligg i din famn, blir du nok varm, herre konge.»
3 Så leita dei i heile Israels-landet etter ei vakker, ung jente. Dei fann Abisjag frå Sjunem og førte henne til kongen.
4 Det var ei svært vakker jente. Ho stelte kongen og tente han. Men kongen hadde ikkje omgang med henne.
5 Adonja, son til Haggit, gjorde seg høge tankar og sa: «Eg vil vera konge!» Og han skaffa seg vogn og hestar og femti mann som skulle springa framfor han.