12 Kom, lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga livet til både deg og Salomo, son din.
13 Gå og stig fram for kong David og sei til han: Herre konge, har ikkje du svore for tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone? Kvifor har då Adonja vorte konge?
14 Og så, medan du enno står der og snakkar med kongen, skal eg koma inn og stadfesta orda dine.»
15 Då gjekk Batseba inn i kammeret til kongen. Kongen var no svært gammal, og Abisjag frå Sjunem tente han.
16 Batseba knelte og bøygde seg for kongen, og kongen spurde: «Kva er det du vil?»
17 Ho svara: «Herre, du har svore ved Herren din Gud og lova tenestekvinna di at Salomo, son min, skal bli konge etter deg og sitja på di trone.
18 Men no har Adonja vorte konge, utan at du, herre konge, veit om det.