18 Men no har Adonja vorte konge, utan at du, herre konge, veit om det.
19 Han har slakta oksar, gjøkalvar og sauer i mengdevis og bede til seg alle kongssønene, presten Abjatar og hærføraren Joab. Men Salomo, tenaren din, har han ikkje bede.
20 Men mot deg, herre konge, har heile Israel no vendt sine auge. Dei ventar at du skal kunngjera kven som skal sitja på trona etter kongen.
21 Elles kjem eg og Salomo, son min, til å stå som skuldige når du, herre konge, kviler hos fedrane dine.»
22 Medan ho enno snakka med kongen, kom profeten Natan.
23 Det vart meldt kongen at profeten Natan var der. Og han kom inn og steig fram for kongen og kasta seg med andletet mot jorda framfor han.
24 «Herre konge», sa Natan, «har du sagt at Adonja skal bli konge etter deg og sitja på di trone?