3 Så leita dei i heile Israels-landet etter ei vakker, ung jente. Dei fann Abisjag frå Sjunem og førte henne til kongen.
4 Det var ei svært vakker jente. Ho stelte kongen og tente han. Men kongen hadde ikkje omgang med henne.
5 Adonja, son til Haggit, gjorde seg høge tankar og sa: «Eg vil vera konge!» Og han skaffa seg vogn og hestar og femti mann som skulle springa framfor han.
6 Far hans hadde aldri snakka han til rette og spurt kvifor han bar seg slik åt. Adonja var òg uvanleg vakker. Han var fødd nest etter Absalom.
7 Adonja samrådde seg med Joab, son til Seruja, og med presten Abjatar, som følgde han og støtta han.
8 Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok og Benaja, son til Jojada, profeten Natan, Sjimi, Re'i og dei beste krigarane til David.
9 Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar ved Sohelet-steinen, som ligg like ved Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, sønene til kongen, og alle frå Juda som var i teneste hos kongen.