30 Det eg før har svore ved Herren, Israels Gud, og lova deg, at Salomo, son din, skal bli konge etter meg og sitja på trona i min stad, det set eg i verk i dag.»
31 Batseba knelte for kongen, bøygde seg med andletet mot jorda og sa: «Lenge leve min herre, kong David!»
32 Kong David sa: «Kall hit til meg Sadok, profeten Natan og Benaja, son til Jojada!» Dei steig fram for kongen,
33 og kongen sa til dei: «Ta med dykk mennene til kongen dykkar! Lat Salomo, son min, ri på mitt eige muldyr og før han ned til Gihon-kjelda.
34 Der skal presten Sadok og profeten Natan salva han til konge over Israel. Dei skal blåsa i horn og ropa: Leve kong Salomo!
35 Så skal de følgja han hit opp. Og når han kjem, skal han setja seg på trona mi. Han skal bli konge i staden for meg. Det er han eg har sett ut til å styra over Israel og Juda.»
36 Då tok Benaja, son til Jojada, til orde og sa til kongen: «Amen! Måtte Herren, min herre konges Gud, stadfesta det!