39 Presten Sadok hadde teke med seg hornet med olje frå teltet til Herren, og no salva han Salomo. Dei bles i horn, og alt folket ropa: «Leve kong Salomo!»
40 Så følgde heile folkemengda han opp att. Dei spela på fløyte og jubla høgt, og det var som om jorda skulle rivna av ropa.
41 Dette høyrde Adonja og alle gjestene som var hos han. Dei var nett ferdige med å eta då Joab høyrde lyden av horn og sa: «Kvifor er det slik ståk og larm i byen?»
42 Medan han enno tala, kom Jonatan, son til presten Abjatar. Adonja sa til han: «Kom hit, for du er ein påliteleg mann og kjem sikkert med gode meldingar.»
43 «Tvert om!» svara Jonatan. «Vår herre, kong David, har gjort Salomo til konge.
44 Kongen sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja, son til Jojada, og kretarane og pletarane med han, og dei lét Salomo ri på muldyret til kongen.
45 Presten Sadok og profeten Natan salva han til konge ved Gihon-kjelda. Så drog dei opp att med jubelrop, og no er det oppstyr i byen. Det er den larmen de høyrer.