43 «Tvert om!» svara Jonatan. «Vår herre, kong David, har gjort Salomo til konge.
44 Kongen sende presten Sadok, profeten Natan, Benaja, son til Jojada, og kretarane og pletarane med han, og dei lét Salomo ri på muldyret til kongen.
45 Presten Sadok og profeten Natan salva han til konge ved Gihon-kjelda. Så drog dei opp att med jubelrop, og no er det oppstyr i byen. Det er den larmen de høyrer.
46 Salomo har alt sett seg på kongetrona,
47 og tenarane til kongen er òg komne for å ønskja herren vår, kong David, til lukke. Dei seier: Måtte din Gud gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera trona hans endå større enn di! Då bøygde kongen seg i bøn på leiet sitt
48 og sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som i dag har laga det slik at det sit ein på trona etter meg, og late meg sjå det med mine eigne auge.»
49 Då skalv alle gjestene hos Adonja av skrekk. Dei braut opp og gjekk kvar til sitt.