46 Salomo har alt sett seg på kongetrona,
47 og tenarane til kongen er òg komne for å ønskja herren vår, kong David, til lukke. Dei seier: Måtte din Gud gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera trona hans endå større enn di! Då bøygde kongen seg i bøn på leiet sitt
48 og sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som i dag har laga det slik at det sit ein på trona etter meg, og late meg sjå det med mine eigne auge.»
49 Då skalv alle gjestene hos Adonja av skrekk. Dei braut opp og gjekk kvar til sitt.
50 Adonja vart så redd Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip fatt i altarhorna.
51 Salomo fekk melding om at Adonja var vorten så redd kongen at han hadde gripe tak i altarhorna og sagt: «No må kong Salomo sverja på at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.»
52 Salomo sa: «Oppfører han seg som ein heiderleg mann, skal det ikkje bli krumma eit hår på hovudet hans. Men gjer han seg skuldig i noko vondt, skal han døy.»