1 Då dronninga av Saba fekk høyra om Salomo og det han hadde gjort for Herrens namn, kom ho og ville prøva han med gåter.
2 Ho kom til Jerusalem med eit stort følgje, med kamelar som bar balsamoljar, store mengder gull og edelsteinar. Ho steig fram for Salomo og tala med han om alt som låg henne på hjartet.
3 Og Salomo tydde alle gåtene hennar. Det fanst ikkje noko som var løynt for kongen så han ikkje kunne gje henne svar.
4 Då dronninga av Saba fekk sjå all visdomen til Salomo, huset han hadde bygd,
5 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane til kongen og brennoffera som han bar fram i Herrens hus, mista ho heilt pusten.
6 Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!