17 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.
18 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.
19 Seks steg førte opp til trona, og stolryggen var runda øvst. På begge sider av setet var det armlene, og ved kvart av dei stod det ei løve.
20 På dei seks trappestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Ein slik kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
21 Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alt utstyret i Libanon-skoghuset var av reint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
22 For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa til Hiram. Ein gong kvart tredje år kom Tarsis-skipa heim lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
23 Kong Salomo vart større enn alle kongane på jorda i rikdom og visdom.