4 Då dronninga av Saba fekk sjå all visdomen til Salomo, huset han hadde bygd,
5 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, munnskjenkane til kongen og brennoffera som han bar fram i Herrens hus, mista ho heilt pusten.
6 Ho sa til kongen: «Så var det då sant, det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!
7 Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei fortalde meg ikkje halvparten. Du er både visare og rikare enn eg har høyrt.
8 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din!
9 Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»
10 Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull, balsamoljar i stor mengd og edelsteinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med balsamoljar til landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.