7 Eg trudde ikkje det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne auge. Men no ser eg at dei fortalde meg ikkje halvparten. Du er både visare og rikare enn eg har høyrt.
8 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane, som alltid får stå hos deg og høyra visdomen din!
9 Velsigna vere Herren din Gud, som hadde slik godvilje for deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»
10 Så gav ho kongen eitt hundre og tjue talentar gull, balsamoljar i stor mengd og edelsteinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med balsamoljar til landet som det dronninga av Saba gav kong Salomo.
11 Flåten til Hiram som henta gull frå Ofir, hadde òg med seg store mengder sandeltre og edelsteinar derifrå.
12 Av sandeltreet fekk kongen laga utsmykkingar til Herrens hus og kongeborga og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet, og så mykje har ikkje vore å sjå til denne dag.
13 Kong Salomo gav dronninga av Saba alt det ho hadde lyst på og bad om, i tillegg til det som sømde seg for så mektig ein konge som Salomo å gje henne. Så braut ho opp og drog heim att til landet sitt saman med tenarane sine.