1 Kong Salomo elska mange framande kvinner forutan dotter til farao. Det var kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.
2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei til å venda hjartet dykkar til gudane sine.» Det var desse kvinnene Salomo heldt seg til og elska.
3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner, og dei førte hjartet hans på avvegar.
4 Det var då Salomo vart gammal at konene hans fekk vendt hjartet hans til andre gudar. Hjartet hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, slik hjartet til David, far hans, hadde vore.
5 Salomo følgde Astarte, gudinna til sidonarane, og Milkom, den motbydelege guden til ammonittane.