11 Og Herren sa til Salomo: «Sidan du har bore deg slik åt og ikkje halde den pakta eg gjorde med deg, og dei forskriftene eg gav deg, skal eg riva riket frå deg og gje det til ein i di teneste.
12 Men for far din, David, si skuld vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.
13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ein stamme vil eg gje han for min tenar Davids skuld og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»
14 Så reiste Herren opp ein motstandar for Salomo. Det var edomitten Hadad, som høyrde kongsætta i Edom til.
15 For den gongen David slo Edom, drog hærføraren Joab opp for å gravleggja dei falne. Han slo òg i hel alle menn i Edom.
16 I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren til han hadde utrydda alle menn i Edom.
17 Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans. Hadad var nokså ung den gongen.