12 Men for far din, David, si skuld vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.
13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ein stamme vil eg gje han for min tenar Davids skuld og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»
14 Så reiste Herren opp ein motstandar for Salomo. Det var edomitten Hadad, som høyrde kongsætta i Edom til.
15 For den gongen David slo Edom, drog hærføraren Joab opp for å gravleggja dei falne. Han slo òg i hel alle menn i Edom.
16 I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren til han hadde utrydda alle menn i Edom.
17 Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans. Hadad var nokså ung den gongen.
18 Dei braut opp frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.