26 Jeroboam var son til Nebat frå Sereda i Efraim. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han var i teneste hos Salomo, men reiste seg mot kongen.
27 Og slik gjekk det til då Jeroboam lyfte handa si mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta den opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.
28 No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at ungguten gjorde godt arbeid, sette han Jeroboam til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs hus laut gjera.
29 Ein gong på denne tida gjekk Jeroboam ut av Jerusalem. Då kom profeten Ahia frå Sjilo imot han på vegen. Ahia var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka.
30 Ahia tok tak i den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke
31 og sa til Jeroboam: Ta du ti av stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut av hendene på Salomo og gje dei ti stammane til deg.
32 Berre den eine stammen skal vera hans for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut blant alle Israel-stammane.