33 Det gjer eg fordi dei har vendt seg frå meg og tilbede Astarte, gudinna til sidonarane, Kemosj, guden til moabittane, og Milkom, guden til ammonittane. Dei har ikkje gått på mine vegar og har ikkje gjort det som rett er i mine auge. Dei har ikkje halde forskriftene og lovene mine som far hans, David, gjorde.
34 Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; eg lèt han få vera fyrste så lenge han lever, for min tenar Davids skuld, han som eg valde ut, og som heldt seg til boda og forskriftene mine.
35 Eg vil ta riket ut av hendene på son hans og gje dei ti stammane til deg.
36 Men éin stamme vil eg gje son hans, for at David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe for mitt andlet i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.
37 Deg lèt eg rå over alt det du ønskjer; du skal vera konge over Israel.
38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som er rett i mine auge, held du forskriftene og boda mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som blir ståande, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.
39 Davids-ætta vil eg audmjuka for det som er gjort, men ikkje for all framtid.