35 Eg vil ta riket ut av hendene på son hans og gje dei ti stammane til deg.
36 Men éin stamme vil eg gje son hans, for at David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe for mitt andlet i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.
37 Deg lèt eg rå over alt det du ønskjer; du skal vera konge over Israel.
38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som er rett i mine auge, held du forskriftene og boda mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som blir ståande, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.
39 Davids-ætta vil eg audmjuka for det som er gjort, men ikkje for all framtid.
40 Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam braut opp og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.
41 Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han utretta, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka til Salomo.