40 Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam braut opp og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.
41 Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han utretta, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka til Salomo.
42 I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
43 Så gjekk Salomo til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i byen til David, far sin. Rehabeam, son hans, vart konge etter han.