6 Og han gjorde det som var vondt i Herrens auge, og følgde ikkje Herren fullt og heilt slik far hans, David, hadde gjort.
7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kemosj, den motbydelege guden til moabittane, på den høgda som ligg midt imot Jerusalem, og ein for Molok, den motbydelege guden til ammonittane.
8 Dette gjorde han for alle dei framande konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjartet sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger
10 og gjeve han det bodet at han ikkje skulle følgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod.
11 Og Herren sa til Salomo: «Sidan du har bore deg slik åt og ikkje halde den pakta eg gjorde med deg, og dei forskriftene eg gav deg, skal eg riva riket frå deg og gje det til ein i di teneste.
12 Men for far din, David, si skuld vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.