1 Rehabeam fór til Sikem, for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.
2 Dette fekk Jeroboam, son til Nebat, høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der hadde han vorte buande.
3 No sende dei bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel samla til Rehabeam og sa:
4 «Far din la eit tungt åk på oss. Men no må du letta det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»