15 Kongen høyrde ikkje på folket, for Herren hadde styrt det så for å oppfylla ordet han hadde tala til Jeroboam, son til Nebat, gjennom Ahia frå Sjilo.
16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:«Kva for del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, for ditt eige hus!»Så fór israelittane heim att.
17 Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i byane i Juda.
18 Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem.
19 Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.
20 Då israelittane fekk høyra at Jeroboam var komen tilbake, sende dei bod etter han og henta han til folkeforsamlinga. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-stammen heldt seg til Davids hus.
21 Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin-stammen, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels hus og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam, son til Salomo.