19 Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.
20 Då israelittane fekk høyra at Jeroboam var komen tilbake, sende dei bod etter han og henta han til folkeforsamlinga. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-stammen heldt seg til Davids hus.
21 Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin-stammen, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels hus og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam, son til Salomo.
22 Då kom Guds ord til gudsmannen Sjemaja:
23 «Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket:
24 Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.
25 Jeroboam bygde ut Sikem i Efraim-fjella og busette seg der. Sidan flytte han derifrå og bygde ut Penuel.