29 Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.
30 Dette førte til synd. Folk gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der.
31 Jeroboam bygde òg gudshus på offerhaugane og sette kven han ville av folket til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.
32 Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ein fest slik som den store festen som blir feira i Juda, og han bar fram offer på altaret. Dette gjorde han i Betel: Han ofra til kalvane han hadde laga, og sette prestar frå offerhaugane som han hadde bygd opp, til å gjera teneste i Betel.
33 Offeret bar han fram på altaret han hadde bygd i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret for å tenna offerelden.